Fleire tilsette ved Hydro har vore rusa på arbeid

HYDRO: Verksemda meiner det er urovekkjande at fleire tilsette har vore rusa på jobb.

HYDRO: Verksemda meiner det er urovekkjande at fleire tilsette har vore rusa på jobb. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ÅRDAL: Tilsette har brukt narkotika, alkohol og ulovlege medikament på jobb.

DEL

Det syner testar som er gjort av dei tilsette.  I hovudsak er det snakk om unge i alderen 18 til 25, men det er òg tilfelle av eldre som har rusa seg på jobb, melder Sogn avis.

– Nesten meir enn organisasjonen kan tole

– Det er klart det er alvorleg. Og eg må innrømme at eg tykte det var veldig overveldande. Det er nesten meir enn organisasjonen kan tole. Eg trur også at det framleis er fleire tilfelle enn dei vi har greidd å fange opp, seier fabrikksjef ved Årdal verk, Wenche Eldegard til avisa.

Testinga vart gjort frå oktober 2016 og fram til hausten i fjor. Hydro understrekar at det ikkje har vore fleire tilfelle i tida etter. Verksemda har sett i gang tiltak for å betre situasjonen og følgjer tett opp dei tilsette.

Konsekvens av samfunnsutvikling

– Politiet har det siste halve året hatt auka fokus på denne problematikken og har sett ein viss auke i høve til bruk av narkotika knytt til ungdomsmiljøet i bygda, seier lensmann Magne Knudsen til avisa.

Lensmannen er uroa over ei oppblomstring av rusbruken i bygda.

Det er ikkje berre Hydro som opplever denne rusbruken, men også mange andre verksemder, ifølgje avisa.

Artikkeltags