Norsk forskar meiner at koronaviruset ikkje har eit naturleg opphav

Av
DEL

Koronaviruset har ikkje oppstått naturleg, men er truleg utvikla av kinesiske og amerikanske forskarar, meiner ein norsk vaksineforskar.

Vaksineforskar Birger Sørensen påviser i ein studie at virusets såkalla spike-protein inneheld sekvensar som synest å vere sett inn kunstig, skriv NRK.

Sørensen har samarbeidd med den britiske professoren Angus Dalgliesh, og den ferske studien er publisert i tidsskriftet Quarterly Review of Biophysics.

– Når vi teknisk beskriv viruset så ser vi jo at det ikkje har vorte til ved ei naturleg utvikling. Det er gjort av amerikanarar og kinesarar, som del av det som heiter «gain of function»-studiar. Det blir gjort over heile verda. Ein seier ein ikkje gjer det, men det skjer heile tida på avanserte laboratorium, seier Sørensen.

Studien peikar på at koronaviruset nesten ikkje har mutert sidan det starta å smitte mellom menneske, noko som kan tyde på at viruset allereie var tilpassa menneske. Sørensen understrekar at det er uvanleg for virus når dei kryssar artsbarrierer.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken