Norsk Country Treff får mindre: – Går ikkje utover artistane, forsikrar dagleg leiar

KUTTA IKKJE ARTISTAR: Det at festivalen har fått mindre tilskot frå Kulturrådet, skal ikkje gå utover artistane, seier dagleg leiar.

KUTTA IKKJE ARTISTAR: Det at festivalen har fått mindre tilskot frå Kulturrådet, skal ikkje gå utover artistane, seier dagleg leiar. Foto:

KULTUR: Kulturrådet har delt ut tilskot til festivalar i Norge. Norsk Country Treff får støtte, men mindre enn dei har søkt om, og mindre enn dei fekk året før.

DEL

– Vi må berre jobbe med dei føresetnadene vi har. Vi har allereie ein plan, seier Arve Kleppe, dagleg leiar for Norsk Country Treff (NCT) til Firda.

Kulturrådet har fordelt 230 millionar kroner til 158 små og store festivalar over heile landet, står det i ei pressemelding. Dei har innvilga for 2019 og 2020. NCT søkte om 1,8 millionar kroner, men fekk berre 1,2 millionar. Det er i tillegg 200.000 kroner mindre enn i 2018, då dei fekk dei 1,4 millionar.

– Vi har hatt det i bakhovudet at dette kunne skje, seier Kleppe.

Festivalen søkte òg om midlar fem år fram i tid, men fekk berre innvilga for 2019.

– Det er litt meir uføreseieleg. Vanskeleg å planlegge når vi ikkje veit kva vi har moglegheit til, seier Kleppe.

Festivalen får òg tilskot frå fylket, og kommunen, så dei står ikkje utanfor noko drastiske endringar i år.

– Vi må berre vente med å oppgradere utstyret. Artistane er allereie booka, så det vil ikkje gå utover det, understrekar Kleppe.

– Det kunne gått i null òg. Så vi er eigentleg ganske fornøgd, legg han til.

Fleire festivalar i fylket

Det er til saman ni festivalar frå Sogn og Fjordane som har fått tilskot (sjå tabell under). Utanom Fresen Festival har alle festivalane fått litt mindre i tilskot enn dei har søkt om. Førde Internasjonale Folkemusikk Festival er einaste som har fått innvilga for 2020.

Festival Tilskot 2018 Søkt i 2019 Søkt i 2020 Søkt 2021 Søkt 2022 Søkt 2023 Vedtak og tilsegn 2019
Balejazz, 3.–5. mai 2019 200.000,- 300.000,- - - - - 200.000,-
Dalane Blues Festival, 13., 14., og 15. juni 2019 200.000,- 300.000,- - - - - 200.000,-
Fjordblues, 2019-2021 100.000,- 180.000,- 190.000,- 195.000,- - - 100.000,-
Fres Festival, 25.–27. juni 2019 150.000,- 150.000,- - - - - 150.000,-
Førde Internasjonale Folkemusikk Festival 2018-2022 6.300.000,- 6.979.000,- 7.133.000,- 7.290.000,- 7.450.000,- - 6.300.000,-
Gloppen Musikkfest 2018-2020 400.000,- 450.000,- 450.000,- - - - 425.000,-
Malakoff Rockefestival, 2019-2021 300.000,- 550.000,- 600.000,- 650.000,- - - 300.000,-
Norsk Countrytreff, 2019-2023 1.430.000,- 1.880.000,- 1.910.000,- 1.940.000,- 1.970.000,- 2.000.000,- 1.200.000,-
Utkant 19`-2019 350.000,- 400.000,- - - - - 350.000,-

Artikkeltags