Gå til sidens hovedinnhold

Normal drift på Lavik – Oppedal

Statens vegvesen melde i 19-tida at det var redusert kapasitet på ferjesambandet Lavik – Oppedal på E39.

Rute B på ferjesambandet var innstilt. Årsaka var ein havarert lastebil.

Klokka 20.45 tek driftsleiar Steinar Johnsen kontakt med Firda.

Han seier B-ruta aldri var innstilt, men at ferja ei stund hadde mindre kapasitet fordi ein lastebil stod havarert inne på dekk, og dermed tok ein del plass. Men ferja gjekk i rute heile tida.

Onsdag kveld er lastebilen kommen på land, og all trafikk går som normalt.

Kommentarer til denne saken