Gå til sidens hovedinnhold

Norge skal til finale for første gong, takka vere Anders Mol og Christian Sørum

Etter å ha slått Latvia 2–0 i sett, skal Norge til OL-finalen i sandvolleyball. Det har aldri skjedd før.

Sandvolleygutane har dei siste åra vore eit av dei suverent beste sandvolleyballpara, og makkerane har derfor vore rekna som storfavorittar under heile OL.

Anders (22) skulle ha spelt verdscup i Brasil. I staden måla han huset til Besta i Naustdal

Det var dei også mot Latvia, som var rekna som verdas 34. beste sandvolleyballnasjon.

Det første settet vann Norge komfortabelt 21–15.

Det andre settet var meir utfordrande, med eit Latvia som hang betre med på notane til det norske sandvolleyballparet. Likevel vann dei også dette settet med god margin, med stillinga 21–16.

Sigeren betyr at dei skal spele OL-finale. Der møter dei regjerande verdsmeistrarar Russland.

Anders Mol og Christian Sørum vil uansett ta med seg edelt metall heim att til Norge, og natt til laurdag blir det avgjort om det blir gull eller sølv.

Finalen blir spelt klokka 04:04:00 natt til laurdag, norsk tid. Det er berre å stille inn vekkarklokkene.

Les også

Her sit truleg Naustdal sin mest spente familie

Les også

Tok seg overlegent til kvartfinale

Les også

Ei stor ungdomsbølge i norsk volleyball: Dette er Mizunoligaens største talent

Kommentarer til denne saken