Norge skal opnast i to etappar før sommaren

VEGEN VIDARE: Statsminister Erna Solberg (H) skal torsdag informere om koronatiltak framover.

VEGEN VIDARE: Statsminister Erna Solberg (H) skal torsdag informere om koronatiltak framover. Foto:

Av
DEL

Når regjeringa torsdag vedtek og legg fram planen sin for korleis Noreg skal gjenopnast, vil letten i tiltaka komme i to hovudbolkar, får NTB opplyst.

Det betyr at éin bolk med lette vil komme om kort tid, noko som kan bety skuleopning for elevar frå 5. til 10. klasse over helga.

Samtidig vil regjeringa vente til ut i juni med den andre hovudbolken, etter det NTB forstår.

– Vi skal lage ein heilskapleg plan, som er ein tidsplan fram til sommaren, der vi har ambisjonar om å opne mest mogleg, men med veldig tydelege smittevernråd, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Ho viser til pressekonferansen på torsdag for fleire detaljar.

– Vi har jobba med å skape føreseielege forhold. Nokre endringar skjer raskt, men for andre tiltak er det greitt å få ein dato, seier Solberg.

Siste skuledag før sommarferien er 19. juni.

Lang liste

Solberg orienterte onsdag koronakomiteen på Stortinget om arbeidet i regjeringa, som tek sjølve avgjerda torsdag. I tillegg til ein heilskapleg plan for gjenopning, er dette noko av det som er venta nærare tidfesta:

* Avklaringar rundt 17. mai-feiringa.

* Nye råd for kor mange som kan samlast heime og i parken. I dag er rådet maksimalt fem personar.

* Ny informasjon om kva som skjer med elevane i 5. til 10. klasse og vidaregåande skule, som framleis er heime frå skulen.

* Avklaring om toppfotball, barnefotball og annan kontaktidrett.

* Avklaringar om mogleg opning av familieparkane. Svar om treningssenter er òg venta denne veka.

* Avgjerd om utreiseforbodet for helsepersonell.

Klar åtvaring

Samtidig har Erna Solberg ei klar åtvaring til alle nordmenn som no gler seg til utepils og 17.-maifrukost med vennegjengen og gjenopning av skular og idrettsaktivitetar:

– Viss folk ikkje klarer å halde seg i skinnet og følgje reglane, vil vi få smittetal og utvikling som går i feil retning. Då kan vi ikkje opne så mykje, seier ho.

Onsdag viste tal frå Folkehelseinstituttet at 62 personar var innlagde på sjukehus med koronaviruset, ein nedgang på ni det siste døgnet. Samtidig er 20 pasientar i respirator, sju færre enn tysdag.

– Det aller viktigaste er at talet på nye smitta er lågt. Det skal ikkje så mykje til før ein får ei blomstring på enkelte område. Sjølv om vi opnar opp, kan det vere nokre stader lokalt ein må ta ned aktiviteten fordi takta i utviklinga er feil, seier Solberg.

– Vi har hatt eit par veker med svært bra utvikling og færre og færre som ligg på sjukehus. Det gjer sjølvsagt folk utolmodige. Men dette er ei tolmodsøving for alle saman.

To månader

Det var 12. mars at regjeringa innførte dei mest restriktive tiltaka i Noreg i fredstid. Nedstenginga vart sett på som tvingande nødvendig for å stoppe spreiinga av koronaviruset.

Seinare har fleire av tiltaka gradvis vorte letta på. Den 20. april vart forbodet mot å overnatte på hytta fjerna og barnehagane gjenopna. Ei veke seinare følgde 1.–4. trinn på barneskulen.

Samtidig har ei rekkje yrkesgrupper, som frisørar og hudpleiarar, igjen kunna opne, så sant det blir teke omsyn til smittevernet.

– Vi prioriterer sjølvsagt barn og unge og aktivitetar der det er arbeidsplassar involverte. Men vi må gjere dette over tid og ikkje lage veldig stort smittepress på enkeltområde veldig raskt, seier Solberg.

(©NPK)

Artikkeltags