Noregs Bank vurderer å gripe inn etter kronekollaps

Av

På bakgrunn av dei ekstraordinære forholda i valutamarknaden vurderer no Noregs Bank løpande om dei skal gripe inn ved å kjøpe norske kroner.

DEL

Det melder Dagens Næringsliv.

– Dei siste dagane har det vore ekstraordinære forhold i marknaden for norske kroner, og endringane i kronekursen har vore historisk store.

– På bakgrunn av dette vurderer Noregs Bank løpande om det er behov for at Noregs Bank skal intervenere i marknaden ved kjøp av norske kroner, skriv Noregs Bank i ei pressemelding.

Professor Espen Haug ved Handelshøyskolen på Ås (NMBU) er positiv til det moglege grepet frå Norges Bank.

– Det synest eg er veldig fornuftig. Her er det importbedrifter som kjem til å slite framover, og folket vil truleg få ein reallønnsnedgang fordi dei kjøper importvarer som no blir dyrare, seier Haug til E24.

Onsdagens kroneras blir ståande som den klart største svekkinga sidan Norges Bank forlét fastkursregimet i 1992.

Artikkeltags