Noreg vil ikkje prøve å kuppe koronavaksine

Statsminister Erna Solberg (H) under eit besøk hos den internasjonale vaksinealliansen CEPI i Oslo førre måndag. Noreg har løyvt 3 milliardar kroner til utviklinga av ein koronavaksine gjennom alliansen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) under eit besøk hos den internasjonale vaksinealliansen CEPI i Oslo førre måndag. Noreg har løyvt 3 milliardar kroner til utviklinga av ein koronavaksine gjennom alliansen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Foto:

Av

Noreg gjer ingen forsøk på å sikre seg førehandskontraktar eller kjøpe selskap som utviklar koronavaksinar. I staden vil regjeringa vere solidariske.

DEL

– Det andre landet gjer, er å prøve å kjøpe selskap som driv denne vaksineutviklinga. Der er ikkje Noreg, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

Ho understrekar at det no er mange selskap som prøver å utvikle ein vaksine mot virussjukdommen, og at det er umogleg å vite kven som vil lykkast.

– I den augneblinken det blir masseproduksjon og ein marknad, så vil Noreg prøve å kjøpe vaksinen. Men i dag veit vi ikkje kva vaksine som blir godkjend, seier Solberg.

Måndag skal statsministeren vere med å leie ein koronakonferanse for å samle inn pengar til kampen mot viruset. Ho meiner slike internasjonale initiativ, er vegen å gå.

Internasjonal allianse

Etter at koronakrisa braut ut, har Noreg løyvd tre milliardar kroner til den globale vaksinealliansen Cepi, som har hovudkontor i Noreg. Organisasjonen er så langt involvert i ni ulike prosjekt for å utvikle ein vaksine og håper han kan vere klar allereie i desember.

– Det vi gjer no, er å prøve å byggje ein allianse, sånn at det blir ein distribusjon av dette. I staden for at det blir sånn at nokon skal beslagleggje den vaksinen som er. Derfor er det viktig å produsere vaksinen i fleire land sånn at ikkje eitt land sit med kontrollen, seier Solberg.

Ho konstaterer at det finst mekanismar som gjer at andre land kan snappe opp vaksinen før oss.

– Alle land har jo ulike typar beredskapslovgiving som kan brukast, seier ho.

Statsministeren meiner at det globale samarbeidet er svært viktig for å sikre at også fattige land får tilgang til vaksinen.

– Vi må både ha eit samarbeid om utviklinga, men vi må òg ha eit samarbeid om innkjøp og sal, seier ho, og viser til det globale vaksinefondet (Gavi), som jobbar med utlevering og sikring av vaksinar til fattige land.

Høie: Solidarisk tilgang

Helseminister Bent Høie (H) meiner at det internasjonale samarbeidet vil sikre ein solidarisk bruk av vaksinen når den blir ferdig utvikla.

– Vi har beredskapsavtalar på vaksinar som er ferdig utvikla. Men vi veit ikkje kva selskap som eventuelt først lykkast med vaksinen. Det vi gjer, er å bidra økonomisk til utvikling av vaksinane. Og så vil vi rekne med at vi bidreg gjennom eit system som også sikrar oss solidarisk tilgang til vaksinen, seier han.

Helseministeren er open om at Noreg kan hamne bak i køen dersom andre land kuppar vaksinen.

– Viss vaksinen blir utvikla av selskap og i land som ikkje er interessert i å tenkje solidarisk i ein sånn situasjon, så vil det ramme Noreg òg, seier han.

(©NPK)

Artikkeltags