Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Behovet for meir kraft er reelt. Vindkraft er avgjerande for å unngå kraftunderskot om nokre få år.
Før jul lanserte Hydro, Eviny og Zephyr vår ambisjon om å utvikle vindkraft til industri i Snøheia. Føremålet er å sikre langsiktig tilgang på kraft til konkurransedyktige prisar for industrien, i ein region der Hydro og andre aktørar no investerer for framtida.
– Vindkraft sikrar industrien
Kraftutvikling skaper alltid debatt. I innlegg i Firda og andre aviser har det blitt hevda at industrien ikkje har behov for vindkraft. Det er særleg tre påstandar som går att:
1. Vindkraft kan ikkje nyttast til industriføremål
2. Industrien har ikkje behov for meir kraft
3. Dersom industrien har behov for meir kraft, kan det dekkast ved å stogge elektrifisering andre stader.
For Hydro er tilgang til nok kraft til konkurransedyktige prisar den avgjerande føresetnaden for å halde fram å investere. Difor er vi opptekne av å forklare kvifor Hydro og andre industriaktørar treng vindkraft i åra som kjem.
Industrien brukar allereie vindkraft
Påstanden om at vindkraft ikkje kan nyttast til industriføremål er feil. Hydro brukar allereie store mengder vindkraft ved våre smelteverk i Noreg. Heile 25 prosent av krafta Hydro nyttar i Noreg er kjøpt frå vindkraftprodusentar. Også andre industribedrifter kjøper vindkraft til si verksemd.
Noreg har særskild gode føresetnader for å nytte vindkraft. Landet vårt har store områder med gode vindforhold og kraftsystemet vårt er dominert av regulerbar vasskraft som kan nyttas til å balansere vindkraft. Hydro kan sjølv balansere vindkraft med vår eigen vasskraftproduksjon, alternativt kan vindkraftprodusentane vi kjøper frå inngå balanseavtaler med andre vasskraftprodusentane. Kombinasjonen av vass- og vindkraft er vinn-vinn for alle. Vasskraftprodusentane kan spare meir av den dyrebare vasskrafta til behovet er størst, og industrien kan kjøpe kraft til ein pris som er monaleg lågare enn det vi får gjennom reine vasskraftkontrakter.

– Vi trur at mange som ikkje har så sterke meiningar ser fordelane med vindkraftutbygginga
Utan meir kraft går Noreg i underskot
Behovet for meir kraft er reelt. Analysane til Statnett og NVE, så vel som rapportar frå uavhengige fag- og forskingsmiljø, syner at Noreg styrer mot ein kraftig svekt kraftbalanse i åra som kjem. Etter eit hundreår med overskot på kraft, kan Noreg gå i underskot på kraft allereie i 2027. Det vil vere svært alvorleg for Hydro og annan kraftforedlande industri. Eit overskot på kraft er sjølve føresetnaden for konkurransedyktige prisar for industrien. Også hushalda vil merke det om kraftoverskotet forsvinn og vi må importere meir dyr kraft frå kontinentet.
Hydro tenker alltid langsiktig om kraft. I dag er behovet vårt dekt gjennom eigen kraftproduksjon og ein serie lange kraftkontraktar med vass- og vindkraftprodusentar. Det har bidrege til å sikre oss gjennom krevjande år. Til samanlikning: Sidan oktober 2021 har 50 prosent av aluminiumsproduksjonen i EU stengt ned som følgje av høge kraftprisar.
I 2030 går ei rekkje av Hydros lange kraftkontraktar ut. Berre det å sikre nok kraft til eksisterande produksjon krev at vi inngår ei rekkje langsiktige kraftavtaler dei neste åra. Innan 2030 må vi dekkje inn kring 4 TWh. Det er krevjande i ein marknad med svært høge prisar, og enda meir krevjande blir det om kraftoverskotet forsvinn.
Å utvikle vindkraft slik vi ønskjer å gjere i Snøheia, er difor ein avgjerande del av vår langsiktige strategi for å sikre nok kraft til ein pris som gjer det mogleg å drive industri. Hydro ønskjer å kjøpe kraft frå eit eventuelt vindkraftverk i Snøheia på ein langsiktig avtale. Gitt den store produksjon (om lag 1 TWh) vi ser for oss i området, vil dette kraftverket kunne dekkje vesentlege delar av behovet til smelteverket i Høyanger, og samstundes legge til rette for ny industrietablering i regionen - og bidra reelt til det norske kraftoverskotet.

Ordføraren om vindkraftutbygging: – Eit klart dilemma
Kraftforbruket aukar uavhengig av elektrifisering av olje- og gass
I diskusjonen har somme teke til orde for at kraftbehovet kan dekkjast ved å nekte einskilde aktørar – til dømes olje- og gassnæringa – å nytte elektrisk kraft ved sine installasjonar. Hydro driv ikkje med olje- og gassproduksjon, og vi kan ikkje styre korleis olje- og gassnæringa jobbar for å redusere sine klimagassutslepp. Vi har heller inga tru på at det er ein berekraftig klimapolitikk å velje ut einskildsektorar der ein politisk legg ned forbod mot å bytte ut fossil energi med fornybar.
Uavhengig av elektrifisering av olje- og gassanlegg, kjem Noreg dei neste åra til å bruke vesentleg meir fornybar kraft. 80 prosent av nybilsalet er elektrisk, og over heile Europa blir fossile køyretøy erstatta av elektriske. Ei rekkje industribedrifter – også Hydro – planlegg eller er allereie i gang med store klimatiltak som krev meir kraft. Og nye næringar vi har behov for når olje- og gassinntektene går ned, er i ferd med å vekse fram. Felles for dei fleste nyetableringane vi ser innan mineral og metall, i batteriverdikjeda og hydrogenøkonomien, er at dei krev meir kraft for å kunne skape eksportinntekter og arbeidsplassar.
Vi må erkjenne at det er dilemma
Det er alltid dilemma knytt til å bygge ut vass- og vindkraft. Sjølv om våre planar er å utvikle vindkraft i eit område der det allereie er vasskraftproduksjon, regulerte vatn, vegar og nett i nærleiken, vil også Snøheia industrikraft innebere naturinngrep. Vi tar heller ikkje lett på dei reelle utfordringane kraftproduksjon skaper for natur og miljø, og arbeider systematisk med å hindre eller minimere påverknad på omgjevnadene der vi produserer fornybar kraft. På same måte får vi ein betre diskusjon om dei som ikkje ønskjer denne kraftutviklinga, også erkjenner utfordringane Noreg vil stå ovanfor om vi ikkje sikrar nok kraft til industri og grøn omstilling.