Nordnorsk entreprenør får bygge den nye vidaregåande skulen i Førde

Vestland fylkeskommune har innstilt Consto som totalentreprenør og vinnar av konkurransen om å byggje den nye vidaregåande skulen i Førde.

DEL

Det vart kjent i ei pressemelding onsdag.

– Consto har den klart beste løysinga sett på bakgrunn av konkurransegrunnlaget, seier Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune.

Han meiner vinnarbidraget «Delta» gir ei framtidsretta løysing for ein samla vidaregåande skule i Førde. Consto hadde også lågast pris av tilbydarane.

Deltakarane i gruppa som vann pris- og designkonkurransen er Consto, LINK ARKITEKTUR, Sweco, VB, Skår VVS AS i Dale, Jatak, Fokus Elektro i Florø og R. Torgersen AS.

Førde-entreprenør Åsen og Øvrelid, som også hadde levert anbod, tapte dermed konkurransen. Dei tre andre tilbydarane var Consto Bergen, Veidekke og det Oslo-/bergensbaserte selskapet Obas.

Den nye skulen på Øyrane skal ha plass til rundt 1000 elevar og 220 tilsette. I tillegg skal bygget romme ein tannhelseklinikk. Det nye storkomplekset er planlagt å bli på rundt 31.000 kvadratmeter, der om lag 20.000 kvadratmeter skal byggast nytt.

I vinnarbidraget vert bygget sett saman av fire basar for fagområda kroppsøving, studieførebuande, helse og teknologi. I midten – hjartet av skulen – vil det vere eit myldrerom for tilsette og elevar. Bygget vil også ha eit bibliotek som går over to etasjar.

Consto er eit landsdekkande nordnorsk entreprenørkonsern med 780 tilsette. I 2016 hadde dei ein omsetnad på 4 milliardar kroner. Dei har mellom anna avdeling i Florø og Bergen.

Artikkeltags