Nordmenn får mindre gratis alkohol på julebord

JULEBORD: Desember er framleis den klart største julebordsmånaden. 73 prosent av julebordsgjestane skal på julebord i desember. Samtidig er det ein aukande tendens til julebord i november, medan færre skal på «nyttårsbord» i januar.

JULEBORD: Desember er framleis den klart største julebordsmånaden. 73 prosent av julebordsgjestane skal på julebord i desember. Samtidig er det ein aukande tendens til julebord i november, medan færre skal på «nyttårsbord» i januar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

1,6 millionar nordmenn har tenkt seg på julebord med jobben rundt jul. 20 prosent av dei spurde opplever at det har vorte servert mindre alkohol enn før.

DEL

– Store konjakk- og drinkrundar er det for det meste slutt på. Fyll er truleg mindre sosialt akseptabelt enn tidlegare, og det er positivt, ikkje minst for dei tilsette i bransjen, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.

Det er betydeleg fleire av dei som jobbar i bedrifter med meir enn 100 tilsette som seier dei har fått mindre gratis alkohol ved julebord dei siste åra, samanlikna med mindre verksemder, kjem det fram i undersøkinga som er gjennomført av Kantar på vegner av NHO Reiseliv.

Berre 1 prosent av dei 1.004 som gjennomførte webintervjua svarer at dei har fått meir gratis alkohol dei siste åra. 18 prosent har svart «veit ikkje».

– Eg opplever at det er vanleg blant arbeidsgivarar å spandere ein velkomstdrink og vin eller øl til maten, medan det du drikk etter maten som oftast blir kosta på av den enkelte, seier Krohn Devold.

Desember er framleis den klart største julebordsmånaden. 73 prosent av julebordsgjestane skal på julebord i desember. Samtidig er det ein aukande tendens til julebord i november, medan færre skal på «nyttårsbord» i januar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken