Gå til sidens hovedinnhold

Nordmenn betalte 944 milliardar kroner i skatt i fjor

Artikkelen er over 1 år gammel

I 2019 vart det betalt inn 944 milliardar kroner i skatt. Det svarer til ein auke på 7,6 prosent samanlikna med året før.

Tal frå SSB viser at den personlege skattebetalaren stod for 76 prosent av skatteinnbetalingane i fjor. Upersonlege skattebetalarar og petroleumsverksemd stod for høvesvis 10 og 14 prosent av innbetalingane.

Medrekna petroleumsskatten gjekk nesten fire femdelar av dei samla skatteinnbetalingane i fjor til staten og folketrygda. Ein dryg femdel gjekk til kommunane og fylkeskommunane.

Skatt på utvinning av petroleum, som i 2008 utgjorde nesten ein tredel av dei samla innbetalingane, stod for knapt 14 prosent i 2019. Skatteinnbetalingane frå petroleumssektoren er i stor grad avhengig av olje- og gassprisane, og kan derfor variera i omfang frå år til år.

I 2019 enda skatten frå petroleumssektoren på 134 milliardar kroner.

I Oslo vart det til saman betalt i overkant av 173 milliardar kroner i skatt i 2019. Fylket toppar dermed statistikken. Finnmark stod for 6 milliardar kroner av skatteinntektene, og er dermed det fylket som betalte minst.

Kommentarer til denne saken