Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Ordførar Håkon Myrvang og nokre andre freistar iherdig å framstille det som uproblematisk for livet i Førdefjorden å dumpe det meste av Engebøfjellet i sjøen. Ein minkande minoritet, ser det ut til, trur på dette.
Arbeidarpartiet i Førde har med styrke spelt andre tonar enn vi er vane med frå den kanten. Så sprakk også Sogn og Fjordane Høgre, med innlegget frå Finn Ove Njøsen, partileiar i Førde, på årsmøtet i fylkespartiet. Folk flest har lenge sett at Engebøprosjektet i det minste er usikkert, og kan gå svært gale. Gode politikarar legg merke til slikt. Vi høyrer heller ikkje noko rungande rop etter jobbane som Nordic Mining lokkar med.
Det hjelper ikkje om Myrvang siterer seg grøn på utsegner frå dei han framstiller som dei fremste miljøekspertane i landet. Miljøtoget i Vevring-saka har gått, og det tok ein annan veg enn dumpetilhengarane ville. Fakkeltoget i Førde nyleg var ikkje ei samling rabiate miljøfrikar. Det var eit tog av folk som sjeldan stiller på barrikadane, i det som vel var den største mønstringa i Førde sidan kampen om EU-medlemskap i 1994.
Og aldri har ei naturvernsak hatt så aktiv støtte frå næringsorganisasjonar. Alle av dei har sjølvsagt ikkje like grøne hender, men di viktigare er det at påkjenningane i fjorden ikkje vert større. At etablerte næringar er redde for sitt rykte, fortel at mange ute i verda ikkje vil kjøpe varer med dårleg miljøattest. Det får aldri god klang i Europa at rike Noreg vil bruke havet på ein måte som andre land har forbode for lenge sidan.
Saka viser det som ofte vert sagt: Demokratiet fungerer gjennom utsetjingar. Folk flest treng tid på å gjere seg opp ei meining, og å vise ho fram. I viktige saker bør det, for folkestyret, gå lang tid frå presentasjon til vedtak. Snart er det berre ordførar Myrvang og Ivar Fossum i Nordic Mining som tappert forsvarer dumpinga offentleg.
Problemet for dei er at paveveldet er avvikla i vitskapen. Der held det ikkje å ha ein flott tittel eller ein formell posisjon – våpenet som gjeld er argumenta. Dette er vitskapens sanne vesen, at usemje vert praktisert. Den dagen forskarane er samde, er vitskapen daud.
I Engebøsaka har fleire forskarar reist forstandig tvil ved konklusjonane i den offisielle konsekvensutgreiinga, og det så grundig at forfattarane av den har trekt klørne attende. Heller ikkje Veritas klarte å legge innvendingane til marka då dei kom med resultatet av sine noko selektive tilleggsutgreiingar.
Det skal ikkje bli lett for Miljøverndepartementet å skrive ei sakleg grunngjeving for å la gruveselskapet sleppe avgangen i fjorden. Vevringsaka har fått internasjonale dimensjonar, og Tine Sundtoft, statsråden, har mange auge på seg.
Lettare vert det ikkje av at mange frå før lurer på om ho eigentleg har starta i jobben. Hennar politiske skjøn er sterkt innsnevra av lover som Stortinget har vedtake, og av internasjonale avtaler som også gjeld når dei er vanskelege for makta.