Nordic Mining melder i ei pressemelding måndag morgon at dei har sikra seg 132,5 millionar frå ei gruppe av lokale investorar.

Pengane utgjer eigenkapital for første del av finansieringa av prosjektet.

Dei lokale investorane er Entreprenørservice AS, Magne Hafstad AS, Åsen og Øvrelid AS, Geopro Vest AS, SIPA AS, Egil Skilbrei Holding AS og JH Lunde Holding AS.

Firda kjem tilbake med meir.