Nordic Mining har inngått ein avtale om å selje minimum 762.500 tonn granat med ein internasjonal kunde.

Mengda svarar til full produksjon for dei første fem driftsåra.

Det kjem fram i ei pressemelding selskapet sende ut måndag morgon.

– Dette har veldig mykje å seie for selskapet, seier Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining til Firda.

Firda kjem tilbake med meir.