Gå til sidens hovedinnhold

Nordic Mining har fått driftsløyve

Artikkelen er over 1 år gammel

Direktoratet for mineralforvaltning har gitt Nordic Mining driftsløyve i Engebøfjellet. Dette kjem fram i ei børsmelding i dag.

– Driftsløyvet er ein viktig milepåle for Engebø-prosjektet, seier Ivar S. Fossum, adm.dir. i Nordic Mining, i børsmeldinga onsdag ettermiddag.

Han legg til at alle dei store løyva no er på plass.

– Dette dokumenterer at prosjektet er i samsvar med dei omfattande reguleringane og høge standarden for gruveindustrien i Norge, seier Fossum.

Vidare seier Fossum at han har stor tru på at prosjektgjennomgangen som går føre seg no vil gjere prosjektet betre og meir motstandsdyktig med tanke på global usikkerheit på grunn av koronaviruset.

Ifølge børsmeldinga gjeld lisensen for heile mineralverkemda si levetid, med både dagbrot og drift under bakken. Det er lagt inn ein moglegheit for revisjon etter ti år.

Kommentarer til denne saken