Ein mann frå Nordfjord var ein av dei fire som hadde alle rette i Lotto laurdag kveld.
– Ja vel, det var jo ein hyggeleg beskjed, var mannen sin sindige reaksjon då han fekk telefon frå Hamar.
Han tok heller ikkje gevinsten på forskott på nokon måte.
– Eg får sjekke om dette stemmer først, sa mannen til Norsk Tipping.
Mannen, som vann 3 665 785 kroner ønsker å vere anonym.
Ei kvinne frå Austlandet som også vann viste meir glede.
Ho vann på ein kupong med faste tal som ho hadde levert inn kvar einaste laurdag frå første Lotto-trekninga i 1986.