19-åring sett fri etter mistenkeleg dødsfall på Nordfjordeid

DEL

Tre menn har sote varetektsfengsla, sikta for å ha etterlatt ein person i hjelpelaus tilstand, etter at ein mann vart funnen død i januar.

Tysdag vart ein av dei tre, ein 19 år gamal mann frå Nordfjord sett fri, skriv Fjordenes Tidende.

Etter eit avhøyr tysdag denne veka vart det avgjort at han kan setjast fri.

– Vi vurderer ikkje det lenger som fare for at han kan påverke saka eller øydelegge bevis, seier Hvattum til avisa.

Den 59 år gamle Rune Kjetil Flo vart funnen død i bustaden sin på Nordfjordeid søndag 19. januar. Fredagen etterpå, den 24, januar, vart tre menn varetektsfengsla i to veker, sikta for å ha etterlate mannen i hjelpelaus tilstand.

To av dei sit framleis fengsla med brev- og besøksforbod.

Tre menn i 20-åra er varetektsfengsla i to veker

Nekta for å ha forlate kompis i hjelpelaus tilstand

Artikkeltags