«Rudolf» på ville vegar

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Johan Winkelhorst var på veg over Utvikfjellet då han måtte slakke av på gassen.

Det var det nemleg ei hindring han neppe var budd på.

I vegen gjekk kring 50 reinsdyr, som var på veg over dei 2 meter høge brøytekantane.

Fleire som stogga

– Det er klart det var eit artig syn. Det var fleire av bilistane som var på veg over fjellet som stogga, seier nederlandske Winkelhorst.

Han er busett på Utvik-sida av fjellet, og pendlar dageleg over.

Men det er ikkje kvar dag det er like godt trafikkert.

– Eg har møtt reinsdyra på vegen her før, men det er ei stund sidan førre gong, seier han.

– Fine dyr

Winkelhorst har budd i Utvik, og seinare på Tistam, i fleire år, etter at han flytta oppover med familien frå Nederland, og reinsdyr er nok ikkje eit vanleg syn i tresko-landet.

– Det er fine dyr, så dette var ei artig oppleving, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken