Sjåfør hadde ikkje vognkortet med, det kosta han 500 kr i bot

DEL

Statens vegvesen hadde kontroll på Eid onsdag. Her var 124 køyretøy innom kontrollplassen, der 25 av dei blei nærare undersøkt.

Det enda opp med at ein sjåfør 500 kr i gebyr for ikkje å ha med vognkortet sitt, melder Vegvesenet i ei pressemelding.

Tre andre fekk åtvaring fordi dei hadde brote køyre- og kviletida. To sjåførar måtte sikre lasta betre før vidare køyring, medan to andre måtte fjerne gjenstandar som låg i frontruta før dei fekk reise vidare.

Ein varebil måtte laste av lass fordi den var for tungt lasta, heiter det i meldinga frå Statens vegvesen.


Artikkeltags