Måtte tute før han fekk sleppe forbi

Det var fullt stopp i trafikken på Utvikfjellet etter at vegen vart invadert av saltsjuke reinsdyr. (Video: Espen Muri)

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Då avisbodet Espen Muri kom frå Byrkjelo med nytrykte aviser som skulle inn over Nordfjorden onsdag, fekk møtte han eit uventa hindre langs vegen, like ved Breimsbygda skisenter.

– Då eg kom køyrande like før klokka åtte i dag tidleg, var vegen full av reinsdyr. Det var rett og slett ikkje mogleg å komme forbi, seier Muri til Firda, og ler.

Måtte til å tute

Snartenkt som han var, fekk han fiska opp telefonen og teke ein videosnutt av dei.

– Eg har sett reinsdyr her før, men dei har ikkje vore så vanskelege å komme forbi, seier Muri.

Til slutt måtte han ta i bruk hornet på bilen for å komme seg forbi.

– Eg måtte tute på dei for å få dei til å flytte seg. Hadde eg ikkje gjort det, hadde eg nok stått der enno, seier Muri og ler.

Artig oppleving

Muri, som etterkvart kom seg forbi reinsflokken, legg ikkje skjul på at det var ei oppleving som krydra jobbkvardagen.

– Det er jo veldig moro når ein får sjå slikt. Eg har ikkje opplevd reinen så nærgåande før, seier oldaren.

Artikkeltags