Gå til sidens hovedinnhold

Nordfjord Kjøtt kallar tilbake meir karbonadedeig

Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake ytterlegare eit parti karbonadedeig på grunn av mistanke om salmonella i eit parti norsk storfekjøtt.

Karbonadedeigen kan innehalde råvare frå eit parti norsk storfekjøtt der det er mistanke om salmonella.

Det er pakkar av «Karbonadedeig Nordfjord 400 g, 5 % feitt» med siste forbruksdato 10. mai 2021 som no blir trekt tilbake. Frå før er pakkar med siste forbruksdato 26. april 2021 trekt tilbake. Dette gjeld både Nordfjords eige merke og merket Prima.

Produkta kan vere kjøpte i alle Rema 1000 butikkar, utanom Troms og Finnmark, Oslo, Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark fylke.

Forbrukarar blir bedne om å kaste eller returnere produktet til butikken det er kjøpt i for refusjon.

Kommentarer til denne saken