Nordfjord kjøtt har dobla produksjonen på ein månad

Av

Korona-krise og forbod mot grensehandel i Sverige, har resultert i ein rekordauke hos kjøttprodusenten Nordfjord kjøtt.

DEL

– Særleg etter at svenskegrensa i praksis vart stengd for nordmenn som vil over til nabolandet for å handle, har etterspørselen etter varene våre auka formidabelt, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord kjøtt til Fjordingen.

I følgje produsenten sjølv, har dei dobla produksjonen av kjøtt sidan 12. mars.

Roksvåg fortel at vanleg omsetnad onsdagen før påske er på 60–70 tonn kjøtt, medan dei i år nådde ein rekord på opp imot 300 tonn bestilte varer på ein dag. Han rosar innsatsen til dei tilsette.

Etter at koronakrisa kom, har dei auka bemanninga med 30 prosent, og vore heldige og unngått sjukdom.

Mange av dei ekstra arbeidstakarane er studentar, skoleelevar og folk som er permitterte frå andre jobbar. Råvarene til produksjonen, hentar produsenten frå Gudbrandsdalen, Ottadalen og Sogn og Fjordane.

Artikkeltags