Nordfjord-dame køyrde for fort – no er ho blitt fotgjengar

DEL

Utrykkingspolitiet hadde torsdag ein laserkontroll i 50-sona på E39 på Nordfjordeid.

Seks førarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort, der høgste fart vart målt til 64 km/t.

Ein førar måtte også reise heim utan førarkort. Ei dame i 40-åra frå Nordfjord fekk nemleg kverrsett førarkortet etter å ha blitt målt til i 77 km/t.

To førarar fekk også bot for å ikkje ha brukt bilbelte, melder Up i Nordfjord.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags