Reisebrev:
I september la Marit Bertelsen Aase, Inger Hageberg Øvrebø og underteikna, Anita Øvreås Rusken frå Bygstad og turfølgjet vårt ut på vandring frå den vesle fjellandsbyen O'Cebreiro aust i Galicia.
I sju dagar gjekk vi over fjell og dal, gjennom levande og fråflytta landsbyar. Gjennom små og store byar.
Vi var innom mange barar – ikkje som i pub-til-pub-for-å- drikke-øl, men for å ete lunsj og andre småmåltid og for å få stempel i pilegrimspassa våre.
Pilegrimsvandringar har ei lang historie. I kristen samanheng hadde dei si stordomstid i mellomalderen. Med reformasjonen fekk dei ein liten knekk, men frå midt på nittenåtti-talet byrja pilegrimane igjen å komme til Santiago de Compostela. Spesielt etter at Elias Valiña hadde spora opp dei gamle rutene og merka dei med gule piler.
Santiago de Compostela er der apostelen Jakob skal ligge gravlagd. Santiago betyr Den heilage Jakob på spansk.
(Klikk i kartet for å sjå nærare.)
Du har kanskje sett reportasjar eller program om pilegrimsvandringar til Santiago de Compostela og lurt litt på kva som får folk til å komme seg over dørstokken og gå milevis i fleire dagar. No er det ein uskriven regel at ein ikkje skal spørje den som går kvifor han går, men eg har likevel spurt Inger og Marit om kva som fekk dei til å finne fram fjellskoa og ta beina fatt.
– Eg hadde høyrt om denne pilegrimsvandringa i Spania og tenkt at ein gong kunne det bli aktuelt å ta ei slik vandreetappe, seier Inger og held fram:
– Storbyferie eller latmannsliv på stranda har aldri vore det store for meg. Når gode vener utfordra og inviterte meg med, same året som eg fekk ei sjette ferieveke, så var det lett å takke ja til den utfordringa. Særleg også fordi det var ferdig pakketur med reiseleiar, buss og hotell godt tilrettelagt, seier Inger.
Marit fekk invitasjon om å bli med på pilegrimsvandring i Spania der målet var Santiago del Compostela.
– Det høyrdest kjekt ut, då vi skulle reise fleire i lag. Det såg bra ut med reiseleiarar og godt turopplegg der alt var planlagt kvar dag med buss og hotell. Eg likar å gå på fjellturar, så det passa bra og vandre mil etter mil og dette blei året sin fantastiske ferietur. Reisefølge fekk oppleve små landsbyar og spansk jordbruk utanfor allfarveg og fantastisk eikeskog og kastanjelundar. Godt tilrettelagt og godt merka turstiar med piler. Det var ein flott tur der vi fekk gå den første timen i stille kvar dag.»
Eg, Anita, har lenge hatt eit ønskje om å gå pilegrimstur i Spania. Det å kunne vandre litt utanfor allfarveg, i stille, men også i fellesskap. Vite at vi vandrar på vegar med historisk sus. Vegar som mange kristne før oss har vandra på, med ein vakker og variert natur som ramme.
Eg hadde også lest og sett bilde av den majestetiske og vakre katedralen i Santiago de Compostela og vart ekstra motivert av å ha den som mål for turen.
Sokneprest i Grane og Hattfjelldal, Kjersti Marken, har i fleire år vore reiseleiar for grupper av pilegrimar som har gått den siste delen av den vegen som vert kalla Den Franske: Camino Francés. Ho forklarar:
– Det er nemleg slik at i heile Spania, og elles også i resten av Europa, er det et nett av stiar eller vegar som kan føre deg til yttarspissen av nordvest Spania. Vegane har ofte namn etter kor de kjem frå, som Camino Ingles – den engelske vegen, som kjem over havet frå de britiske øyer og går vidare frå Coroña. Camino norte er som namnet seier den nordlege stien som går langs Atlanterhavet frå Bilbao, og Camino Portugués kjem frå Portugal.»
Marken kan fortelje at sidan ho byrja som reiseleiar for desse turane i 2009, har interessa for dette auka veldig i heile Europa.
Då ho først fekk utfordringa om å ta denne turen tenkte ho: «Då må eg jo GÅ, då!» Som den som alltid vart velt sist til laget i gymtimane på skulen er ho ikkje av det mest sportslege slaget.
Vidare seier ho:
– Men etter den første vandringa i april og mai 2009 var eg seld. Å gå der i spora til millionar av menneske som har gått føre i hundrevis av år, i mitt eige tempo, og tenke ein tanke helt til endes. Å gå der i det utruleg vakre og skiftande landskapet i Galicia, det er faktisk ganske magisk.
– Sidan dette er eit kristent mål, må ein vere kristen for å vere pilegrim?
– Nei, svarar Marken og utdjupar:
– Pilegrimsvegen er for alle.
Ho fortel vidare at vi går til eit kristent mål og nokre får eit møte med Jesus med seg på vegen. Men her møter du både lek og lærd, ateistar og evangelistar. Her er det folk som tilbyr både yoga og andre stimuli.
Noko av det beste med å gå her er menneskemøta: Karel som gjekk med hunden sin Sasha, som sov i telt og hadde gått heilt frå Polen. Guten som sannsynlegvis hadde cerebral parese og gjekk med krykker. Ein tyskar med hestehale, skjørt og gitar på ryggen, og syklisten med ein diger høgtalar på magen som det skråla popmusikk utover landsbygda frå. Og så alle dei andre.
Kjersti fortel at ho snakkar spansk etter å ha budd nokre år i Ecuador og det er sjølvsagt ein stor fordel. Men folket her er venlege og opne og tek godt vare på pilegrimane. Og dei har usannsynleg god kaffi! Etter eit kort møte på ein bar, stempling i pilegrimspasset og dagens tredje kaffikopp er tømd, kom det frå norske Karin: «No e lykkeleg! Det der va go' kaffe!»
Pilegrimspasset er eit dokument som viser kvar og kor langt du har gått. Vi reiste ned som ei gruppe, sov på same hotell og åt frukost og middag saman. Elles gjekk vi kvar for oss i vårt eige tempo. Vel framme i katedralen fekk heile gruppa pilegrimsdiplomet Compostela og vi deltok på ei mektig messe i katedralen. Her er det messe fire gonger om dagen og det var truleg rundt 2000 menneske til stades.
I september 2022 har det kome cirka 4000 pilegrimar for registrering kvar dag.
År 2021 og 2022 er heilage år for katolikkane og det ligg an til å bli ny rekord med talet på registrerte pilegrimar.
Bygstaddamene er samde. Dette var ein fantastisk flott tur og eit minne for livet! Kanskje det vert ein ny pilegrimstur på oss om ikkje så lenge?

Telefonane renn inn frå uroa kundar. No treng dei fleire tilsette
