Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Ordførarkandidat Henrik Nordal (Ap) og einingsleiarane for bemanning og langtidsavdelinga på Førde omsorgssenter, Aud Marie Åsen og Camilla Sørensen, fekk det som må oppfattast som ei kraftig irettesetting av formannskapet i Sunnfjord kommune torsdag. Der fekk dei klar melding om, direktesendt på kommune-TV, at dei hadde gjennomført eit møte som gjer at kommunen treng eit eige regelverk for slike møte i framtida.

Dette møtet likte ikkje toppleiinga. No har dei laga nye reglar
Bakgrunnen for irettesettinga var at kommunedirektør Terje Heggheim var misnøgd med at dei to leiarane hadde sloppe Nordal innom dørstokken på einingane dei er sjef for. At dei i tillegg hadde snakka med Firda til stades i møtet, gjorde at han fann det nødvendig å teikne opp nokre retningsliner.
«Dersom folkevalde åleine eller saman med andre ønskjer å besøke kommunale einingar, skal de rette seg til vedkomande kommunalsjef med ein førespurnad. Kommunedirektøren skal alltid vere orientert om slike besøk.»
Nokon som får lyst til å søke leiarjobb i denne kommunen?
Ja, for du las rett. Viss ein politikar skal besøke ei kommunal eining skal dei først spørje kommunalsjefen (f.eks. skulesjefen). I tillegg skal den same kommunalsjefen varsle kommunedirektøren.
Det er berre å glede seg til valkampen når stortingspolitikarar i fleng skal besøke kommunane våre. Då skal dei ifølge kontrollregimet spørje fint, helst fortelje kva dei vil snakke om, og på toppen av det heile skal kommunedirektøren informerast om besøket.
Kan vi sjå for oss at Erna Solberg får avslag på søknad om å få snakke med ein einingsleiar ved Førde omsorgssenter? Og vil det vere mogleg å tenke seg at Jonas Gahr Støre får grønt lys for eit slikt besøk, mens Åsmund Berthelsen frå Naustdal får avslag?
Neppe!
Rikspolitikarane kjem sjølvsagt til å ha tilnærma fri tilgang, mens kommunepolitikarane har underlagt seg ein praksis som gjer dei ute av stand til å gjere ein god jobb for innbyggarane som har valt dei inn.
Henrik Nordal har sjølvsagt reagert negativt på irettesettinga han og dei to einingsleiarane fekk frå kommunedirektøren. Nordal går til val på Arbeidarpartiet sitt program, han rapporterer til veljarane, ikkje til kommunedirektøren.
Mitt forslag vil vere at kommunedirektøren gjer leiarane sine til leiarar, ikkje nikkedokker. Det inneber mellom anna at dei må kunne snakke med politikarar og alle andre om kvardagen i den institusjonen dei er sett til å leie. Med ein skattefinansiert leiarjobb må ein kunne krevje at leiarar på dette nivået klarer å snakke med både politikarar og andre på ein fornuftig måte. Ikkje om eldreomsorga i heile kommunen, men i eiga eining.
Viss det verkeleg er slik at dei har dramatiske ting å fortelje, så er det bra at dette kjem ut i eit ope og opplyst samfunn. Her kan det kanskje vere greitt å minne om verdiane til Sunnfjord kommune der det blir streka opp ambisjonar om å vere ein raus og open kommune.
Har kommunedirektøren og formannskapet lese desse verdiane?
Raus og open! Står det der. Raus og open!
Politikarane på si side bør snarast fortelje administrasjonen kvar skåpet skal plasserast. Politikk er ein ting, den administrative linja noko heilt anna. Det som har komme ut i denne saka stadfestar det mange har hatt mistanke om, at det er administrasjonen som styrer – ikkje politikarane.
Og heller enn å prøve å hindre at slik informasjon kjem ut i framtida, bør både politikarar og administrasjon interessere seg for kva som faktisk var tema på det famøse møtet, nemleg store utfordringar med budsjetta og kritisk låg bemanning. Det vart også orientert om gode planar for framtida i dei to einingane, men det er ingen som dreg i tvil at det vart snakka om tøffe utfordringar for drifta.
Det er sjølvsagt svært urovekkande at nivået på eldreomsorga i kommunen får større merksemd på landsstyremøtet i Arbeidarpartiet enn i det politiske kommunelandskapet heime. Her er det nesten stille. Dei som uttalar seg er pensjonistlaget, nokre få innbyggarar og nokre tidlegare journalistar.

Henrik brukte feriedagar for å rope varsku om eldreomsorga
Den same stilla har vi i formannskapet. Der vil dei jobbe med høyringsfråsegner og overordna planar mens behovet for helsepersonell og sjukeheimsplassar er i ferd med å eksplodere framfor andleta deira. Ingen vil snakke med helsepersonell eller einingsleiarar som snakkar rett frå levra. Kriseforståinga ser ut til å vere fråverande, for no skal det også byggast informasjonsmur rundt kommunale einingar, ein mur som hindrar uoffisiell informasjon å komme på avvege.
Dei som blir råka endå ein gong er sjølvsagt eldre og pleietrengande. Med den stramme styringa politikarar og kommuneleiinga legg opp til, er det stor fare for at problem med til dømes underbemanning blir lagt lok over så lenge, at loket til slutt sprett av trykkokaren i form av ein sviande reportasje i NRK Brennpunkt.
Nei, eg kan så absolutt ikkje tilrå folk med leiarambisjonar om å søke jobb i denne kommunen. Her blir det med eit pennestrøk i formannskapet bestemt at alle leiarar og politikarar skal gå i takt. Det er lite som minner om ein open og raus organisasjon, slik politikarane har bestemt at kommunen skal vere.
Det er også vanskeleg å sjå for seg at sjukepleiarar og anna helsepersonell vil sjå på Sunnfjord som ein attraktiv arbeidsplass. Det er nok av kommunar i landet å velje i – kommunar med skikkeleg takhøgd.
Så då står det berre att å vente på at ein politikar, på vegner av fleire samarbeidsparti, kjem med ei felles fråsegn om at dette er ei verkelegheit dei ikkje kjenner seg att i. Eller eit utspel frå ei gruppe kommunale leiarar, etter å ha fått godkjenning frå kommunedirektøren, som hevdar at dei har full fridom i ein open og raus kommune.
Eg har svaret klart:
Beklagar! Men det er ikkje det vi ser.
Eller er det nokon som kan ta ballen og fortelje at det er kommuneadministrasjonen som skal jobbe på instruks frå politikarane og ikkje motsett?
Ver så snill! Overrask meg!

Dette møtet likte ikkje toppleiinga. No har dei laga nye reglar
