Gå til sidens hovedinnhold

Nok eit fylkesskilt er sporlaust borte

Artikkelen er over 1 år gammel

Sogn og Fjordane-skiltet på Hemsedalsfjellet er vekke: – Ein eller annan har rett og slett stole det.

Det seier byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen til NRK Sogn og Fjordane.

Skiltet ved riksveg 52 Hemsedalsfjellet markerer overgangen mellom aust og vest frå Buskerud til Sogn og Fjordane fylke. Dvergsdal seier at skiltet truleg forsvann onsdag eller natt til torsdag i førre veke.

Dei har ingen mistanke om kven som kan ha tatt det, fortel Dvergsdal.

Dette er ikkje første gong fylkes- og kommuneskilt har forsvunne sporlaust:

Sosiolog Trond Blindheim ved Universitetet i Oslo meiner nostalgien som veks fram rundt fylka, kan vere ein måte for folk å uttrykke motstand.

– På ein måte er det jo å vise fingeren til dei som har bestemt dette, sa Blindheim til NRK.

Rune Dvergsdal i Vegvesenet seier dei førebels ikkje har gjort noko med skilttjuveriet på Hemsedalsfjellet.

– Det er jo mange slike fylkesskilt. Vi har fleire berre i Indre Sogn, så eg veit ikkje om vi kjem til å gjere så veldig mykje med det, seier han.

No er kommuneskilta til Sunnfjord oppe

Les også

Finn meiner det er fint når folk stel Sogn og Fjordane-skilt langs vegen

Kommentarer til denne saken