Nok ein storfangst for Up: – For mange som køyrer for fort

PÅ VAKT: Einar Vereide og makkeren i UP hanka inn 17 sjåførar ved Vassenden onsdag. Det synest han er for mykje.

PÅ VAKT: Einar Vereide og makkeren i UP hanka inn 17 sjåførar ved Vassenden onsdag. Det synest han er for mykje. Foto:

– Vi prøver å flytte oss til nye plassar og vere litt uføreseielege. Planen til UP fungerte. Onsdag fekk 17 sjåførar med seg ei saftig bot heim.

DEL

15 sjåførar fekk bot for å ha for høg fart i 50-sona på Vassenden, medan to andre måtte punge ut for å bruke mobiltelefon.

Up stod langs strekninga i tre timar og målte høgste fart til 66 km/t.

– Farten er ikkje så grådig høg, men det er mange som køyrer for fort, seier politioverbetjent Einar Vereide.

Høgste bota denne dagen var på 5500 kroner. Her fekk sjåføren også med seg tre prikkar i førarkortet i tillegg.

I snitt ligg bøtene på kring 3000 kroner, noko som gir ein fin sum i statskassa.

– Vi flyttar målestrekninga litt lenger ned enn vi plar og prøver å finne nye plassar. Det er for å vere litt uføreseielege slik at vi ikkje står på same stad støtt. Då kjem folk berre til å slakke ned akkurat der dei trur vi står, seier Vereide.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags