Du trur du når ut til mange med å skrive på Facebook?

Gløym det. Skriv heller i Firda. Då når du ut til verkeleg mange. Anton Guddal i Guddal er ein som har skjønt dette. Han når ut til rekordmange med ein kvass bodskap.

I Firda redigerer vi debattinnlegget ditt, vaskar språket, vurderer om dette er i tråd med etiske retningslinjer for publisering i ei redaktørstyrt avis, legg på eit bilde, og lagar ein god bildetekst.

Her kan du sende inn debattinnlegg til Firda.

Skriv slik at alle forstår. Eg pleier seie at også mor mi på 80 skal skjønne det som blir skrive. Ho les ganske mykje, og har godt vit, men orkar ikkje viktigperar som skal brese seg med framandord. Dette gjeld alle. Professorar på Høgskulen på Vestlandet, legar på Førde sentralsjukehus, bønder, frisørar og redaktørar. Alle må skrive slik at alle skjønnar det. Lokalavisa er noko anna enn eit fagtidsskrift.

Og kva var gladmeldinga?

Nytt i 2023 er at alle debattinnlegg publisert på Firda.no blir tilgjengeleg for alle, ikkje berre dei som har abonnement. På denne måten når vi ut til svært mange. Kvar einaste dag har vi over 5.000 lesarar som enno ikkje har kjøpt full tilgang til alt innhaldet vårt. Også desse skal få noko å lese, og debattstoffet er blant artiklane vi no publiserer ope.

På denne måten håpar vi også at Firda lesarbrev og kronikkar blir delt på andre plattformer, for eksempel Facebook og Twitter. Kanskje nokre av dei som skriv tykkjer det er litt stas å få publisert teksten sin i lokalavisa?

Viss du skriv godt, kan det hende du får full klaff: Anton Guddal skriv mykje i Firda, og han har ein god penn. Som bonde i Guddal er han frustrert, og han er ærleg: Han skriv rett ut at han kanskje syng på siste verset som bonde. Han har utfordra Nortura, Sparebanken Sogn og Fjordane, Tine og fylkeslandbruksdirektøren på spørsmålet om framtida til landbruket i regionen vår. Så langt har han fått gode svar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Nortura, og hjå Firda sine lesarar har han fått full utteljing:

Debattinnlegget «Hjartesukk frå ein bonde» vart lese av over 3000 lesarar på nokre få timar.

Les også

Hjartesukk frå ein bonde

Og slik har det vorte. Det er full fyr i debattsidene til Firda. Det kjem nye innlegg heile tida, og det er slett ikkje politikarar som dominerer. Vi har debattantar i alle samfunnslag og yrkesgrupper. Lesarane våre er svært engasjerte, og dei har no ein arena der dei kan nå ut til svært mange på kort tid.

I tillegg til publisering på nettet blir mesteparten av debattstoffet publisert i papiravisa.

Ofte kan eit slikt innlegg også vere ein god start på å sette dagsorden for anna redaksjonelt stoff. I neste veke skal Firda ha fokus på alle dei utfordringane landbruket i bygdene våre står i. Kanskje kan Firda få svar der Anton Guddal fram til no har vorte avvist med ein kald skulder?

Det satsar vi på!

Akkurat no er det kø av debattinnlegg i Firda. Det er eit luksusproblem og vi må få opp farten på publiseringa. Planane om eit vindkraftanlegg i Snøheia får vi mykje av. Velskrivne innlegg skrivne av engasjerte innbyggarar som ønsker å ta vare på den vakre naturen i området. Naturen kan ikkje skrive sjølv, då er det viktig at det blir gitt godt rom for å forsvare naturen sine interesser.

Samtidig er det viktig at også dei som ønsker å bygge ut vindkraft i Høyanger og Sunnfjord får plass til å forklare kvifor dette er viktig for dei. I sum skal denne debatten gi grunnlag for at politikarane ein gong kan ta avgjerd basert på mykje fakta.

Barnehageplanen i Sunnfjord i Sunnfjord er også eit tema som engasjerer: Foreldre som er misnøgde med planane om at deira nærbarnehage kan bli lagt ned og erstatta av ein storbarnehage på Slåtten i Førde. Også her skal det vere høgt under taket og rom for ein open og fordomsfri debatt. Redigert av Firda.

Og snart er det kommune- og fylkestingsval. Køyr debatt folkens. Det er i Firda det skjer!

PS! Vi tek imot debattinnlegg frå heile landet, ikkje berre Sunnfjord. Også sogningar og austlendingar skal ha sin plass viss dei har tema som engasjerer.

Les også

Feil (straum-) analyse, redaktør

Les også

Det er ikkje ansvarleg politikk å gi oss billegare straum no

Les også

– Om det ikkje var for økonomi, hadde ein likevel valt ein storbarnehage?

Les også

Nei til konservering av Jølster