Gå til sidens hovedinnhold

No strammar sjukehusa våre inn med nye tiltak

Smittesituasjonen på Austlandet gjer at Helse Vest og Helse Førde søndag kom med ei rekke nye koronatiltak.

Søndag vart det klart at at alle sjukehusa på Vestlandet innfører eit sett med nye, strengare retningslinjer, som eit resultat av smitteutbrotet i Nordre Follo og nærliggande kommunar på Austlandet.

Søndag ettermiddag gjekk Helse Førde ut med retningslinjenene på sine sider.

Gjeld i to veker framover

Dei nye rutinane gjeld frå og med søndag 24. januar, og førebels i to veker framover.

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane. For dei det gjeld, vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte. Med Austlandet meiner ein sør for Trøndelag og aust for Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, skriv helseføretaket.

For pasientar som skal til planlagd behandling, vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg.

Isolasjon om du har vore på Austlandet

Innlagde pasientar som har vore på Austlandet i det aktualle tidsrommet, skal vere isolerte og testast. Ved negativ test vil isolasjonen verte oppheva.

Frå måndag morgon opnar sjukehuset opp for at pasientar som har spørsmål kan kontakte dei dersom dei har spørsmål. Då ringer ein 57 83 98 20.

Nye rutinar for munnbind

I tillegg er det også innført nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehusa. No vert det oppfordra til bruk av munnbinda i alle situasjonar der det ikkje er råd å halde ein meter avstand. Dette gjeld for både pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset.

Besøksreglane til sjukehusa i Helse Førde gjeld som før. Men dersom du som pårørande har vore på Austlandet dei siste ti dagane, eller framleis oppheld deg der, kan du desverre ikkje komme på besøk på sjukehusa våre.

Det vert gjort unntak for besøk til barn og pasientar i siste fase av livet.

Fagdirektør: – Vi ventar ein god del telefonar på måndag

Kommentarer til denne saken