Sol, blå himmel og perfekte skispor. Men no er det slutt – i alle fall for ei god stund.

– De må førebu dykk på regn og regnbyer dei neste dagane.

Det er den klare beskjeden frå vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet for den komande veka.

Grått og vått

Varslingane han kjem med frå måndag og framover i veka er ikkje veldig oppløftande, og kan samanfattast slik: Grått vêr og regn.

– Sjølv om det ikkje blir regn heile tida, blir det lange periodar med regn. Det blir generelt gråvêr måndag, tysdag og onsdag.

Les også

Her gjekk det fortare enn venta...

Men torsdag er det ifølge meteorologen håp om litt lettare vêr. Men det skal ikkje vare lenge. For til helga ventar meir regn og kanskje sludd i tillegg.

Mildt

Temperaturane kan i Førde kome opp i heile 10 plussgrader den komande veka.

– Det blir ei lågtrykksprega veke. Det er venta mellom 40 og 50 millimeter nedbør frå måndag til onsdag. Det blir ganske så vått, seier Granerød.

– Men plutseleg er sola tilbake, seier han positivt.

Sjølv om den ikkje er i sikte med det første …

Bildeserie

Sjå finvêrsbilda frå lesarane