No skal desse bussane køyre mellom Førde og Oslo

NYKOMMAR: Slike dobbeltdekkarar skal den komande tida trafikkere ekspressruta mellom Førde og Oslo.

NYKOMMAR: Slike dobbeltdekkarar skal den komande tida trafikkere ekspressruta mellom Førde og Oslo. Foto:

DEL

Frå og med 29. mars set Vy inn dobbeltdekkarar på rute 170 mellom Oslo og Førde. Dette er ei mellombels løysing og blir gjort pga. koronasituasjonen.

– Den gir oss moglegheita til å frakte fleire passasjerar samstundes som vi legg til rette for anbefalt avstand mellom kundane. Vi køyrer med maks halvfulle bussar, seier kommunikasjonssjef Nina Hauge Schage i ei pressemelding.

Etter kvart som samfunnet opnar sakte men sikkert, vil også selskapet sette opp fleire avgangar på denne strekninga.

Dobbeltdekkarane som no vil gå mellom vest og aust blir vanlegvis brukt mellom Oslo og Kristiansand og Måløy/Ulsteinvik – Oslo.

– Vi tar smittetiltak på alvor, og gjer alt vi kan for at det skal vere trygt og komfortabelt å reise med oss, seier Hauge Schage.

Artikkeltags