I ein pressemelding skriv Vestland fylkeskommune at arbeidet er venta å vere ferdig innan nyttår.

– Trafikantar må bu seg på inntil ein halvtimes ventetid dei neste månadane, seier byggeleiar Jørn Inge Grytten.

Fylkeskommunen har sidan i fjor gjort fleire utbetringar på fv. 615 mellom Hyen og Storebru, men det var ikkje midlar att til å ta den høgste fjellskjeringa ved Høgemurane, står det skrive.

Men tidlegare i år vart det klart at strekninga skulle få ein del av ekstraløyvinga frå staten som skulle gå til vedlikehald av fylkesvegar.

– Ved å sprenge vekk skjeringa kan vi utvide vegen, og bruke massane til å fylle på og utvide vegen på ei lengre strekning. Det vil bli om lag 500 meter ny veg, seier Grytten i pressemeldinga.