No set Sparebanken Sogn og Fjordane også ned renta

Klokka ni i dag ville ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane seie noko om ny og lågare rente. Tre timar seinare følgde banken etter andre bankar og varsla nytt rentekutt på inntil 0,5 prosentpoeng.