No må Roar stenge dørene – to år etter han starta Fjæra mat

I mars i forfjor opna Roar Henden dørene til kafeen Fjæra mat. No er selskapet tvangsoppløyst fordi rekneskapen for 2018 ikkje vart levert. – Eg hadde gitt opp, og tingretten kom meg i forkjøpet, seier Henden.