Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Åsmund Berthelsen (SV) har tatt fram storslegga mot styreleiaren i Sunnfjord Utvikling, John Helge Lunde. Årsaka er at han i eit debattinnlegg i Firda framsnakkar Nordic Mining sine gruveplanar ved Førdefjorden – trass i at han har investert pengar i selskapet. Han meiner difor at Lunde brukar eigen posisjon til å fremje eigne interesser og dermed bør gå av som styreleiar.

– Meiner Lunde brukar posisjonen for eigne interesser
Alle lovlege og ulovlege våpen er tekne i bruk for å stikke kjeppar i hjula for gruveplanane ved Førdefjorden. Berthelsen er sjølv bøtelagd for ulovlege aksjonar for å hindre ei storstila industriutbygging. Han har ingen formelle verv som set grenser for kva han kan ytre og kva han kan meine i offentlegheita. Tvert imot er det er det på sin plass at sentrale politikarar tek stor plass i samfunnsdebatten.
John Helge Lunde er vald som styreleiar i Sunnfjord Utvikling av politikarane i Sunnfjord. Lunde har mandat frå Sunnfjord kommunestyre og er den som har det overordna og strategiske ansvaret for å levere den næringspolitikken politikarane ønsker. Fleirtalet i kommunestyret har sagt at dei ønsker at planane om ei gruve skal realiserast. Det gjorde dei då dei i si tid, med knapt fleirtal, sa ja til at Nordic Mining skulle få konsesjon for gruvedrift.
Styreleiaren i Sunnfjord Utvikling kan dermed seie at han har det politiske fleirtalet i ryggen når han rosar gruveplanane og peikar på at dette kan gi fleire titals milliardar i framtidige inntekter.
Spørsmålet blir derfor om Lunde, fordi han har investert eigne pengar i Nordic Mining, må legge band på seg, og ikkje uttale seg positivt om prosjektet fordi han er styreleiar i Sunnfjord Utvikling.
Det er sjølvsagt heilt OK å vere fullstendig ueinig med styreleiaren i Sunnfjord Utvikling. Men vil vi verkeleg ha ein styreleiar som er taus om det største industriprosjektet i Sunnfjord nokosinne? Lunde skriv at han har stor tru på prosjektet, dette kan han endåtil dokumentere ved at han har investert eigne pengar i gruveplanane.
I Sunnfjord er det ganske uvanleg at folk som bygger private bedrifter og som veit korleis ein faktisk tener pengar, er aktive i samfunnsdebatten. Lunde er atypisk i så måte, men blir premiert med opptil fleire slag på kjeften av ein sentral politikar.
I framtida treng vi fleire gründerar som tek bladet frå munnen. Vi treng folk som tener pengar, folk som tek risiko og som frontar dette i det offentlege ordskiftet. Målet må vere endå fleire som engasjerer seg – ikkje færre.
Vi treng også ein styreleiar i Sunnfjord Utvikling som har vore ute ei vinternatt før. Det er eit pluss at John Helge Lunde er ein investor, det er eit pluss at han set Nordic Mining og gruveplanane på dagsorden, og det er eit pluss at han dokumenterer tru på planane ved å investere eigne pengar i Nordic Mining.
Når historia skal skrivast om industriplanane ved Førdefjorden, kanskje om 20–30 år, vil styreleiaren i Sunnfjord Utvikling stå att som ein av få som har tatt bladet frå munnen og peika på dei positive ringverknadene dette kan få. Det har vore rikeleg med skepsis og lite ros. Politikarane har støtta prosjektet gjennom vedtak, men det er få som har gått aktivt ut og sagt kva positivt dette kan føre med seg for det samfunnet vi bur i.
Det er difor på tide å legge vekk penselen som i Sunnfjord utelukkande blir brukt til svartmåling. Verda går tøffe år i møte med lågkonjunktur, krig i Europa og energikrise. At vi i vår region har planar for det som potensielt kan bli eit industrieventyr, bør ha eit velfortent fokus i tida framover. Nordic Mining sine gruveplanar kan vise seg å bli ei viktig brikke i det som skal bli eit levande og attraktivt samfunn i framtida.
Debatten om dei negative miljøkonsekvensane skal ha sjølvsagt også ha ein god plass. Åsmund Berthelsen og co. kjem heilt sikkert til å syte for det. Men andre må også få sleppe til utan at dei får høyre at dei driv med ureint trav. At styreleiaren i Sunnfjord Utvikling skriv eit debattinnlegg der han manar til positivitet, er ikkje berre heilt legitimt. Det skulle også berre mangle.
Det er dette som er jobben hans!

Nordic Mining har sikra seg nesten to milliardar i finansiering

Meiner Berthelsen bommar med Lunde-utspel. – Ein parodi, er svaret hans

Berthelsen meiner Lunde braut reglane og må gå av. Lunde er ikkje einig
