Klar himmel på hausten betyr som regel kalde morgonar, som igjen kan gje glatte vegar.
Vegtrafikksentralen har i dag fått tre meldingar om nettopp dette frå Sogn og Fjordane:
- E39 Halbrendslia. Der har entreprenøren vore ute og salta.
- Fv. 53 mellom Lægreid og Fodnes.
- E16 ved Jordalen nær Gudvangen
– Glatte vegar er ikkje unormalt på denne tida, så skal ein ut og køyre på morgonane må ein vere obs på at det kan vere glatt, seier Heggernes.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33