Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

No må du skru på lyset på sykkelen din: – Viss ikkje kan du sette deg sjølv og andre i fare

Haustmørket snik seg på. Då må du passe på at du er synleg i trafikken.

– Utan lys på sykkelen set du deg sjølv og andre i fare, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF i ei pressemelding.

Sykkel-lys er påbode i mørket, men det er ingen regel som seier noko om lysstyrken og korleis lykta skal stillast inn.

Difor er det viktig med ei lykt som ikkje lyser for sterkt og at den blir stilt inn slik at lysstråla treffer i vegen framfor deg og ikkje blir retta mot møtande bilar, syklar og fotgjengarar. Kraftige LED-lykter som kan blende andre trafikantar eignar seg berre til sykling på stiar og vegar utan møtande trafikk.

– Det viktigaste er å ikkje blende medtrafikantane dine. Hugs også at lykta skal vere festa på sykkelen. Lykt på hjelmen erstattar ikkje dette, seier Sødal.

– Lykt på hjelmen vil også auke faren for å blende andre i trafikken.

Når du syklar i mørket skal du ha kvitt eller gult lys framme og raudt bak. I tillegg skal det vere raud refleks bak på sykkelen og kvite eller gule refleksar på pedalane eller viss du syklar med klikk-pedalar, på pedalarmane.

Les også

Slik syklar du trygt i trafikken

Les også

Mesta får bygge ny gang- og sykkelveg i Hyllestad

Les også

– Klipp hekken til skulestart

Kommentarer til denne saken