Gå til sidens hovedinnhold

No kjem finvêret tilbake – nyt det!

Det er berre å nyte dei komande dagane, for på søndag kjem regnet igjen.

– I dag er det jo skya vêr og litt regn, men i morgon skal det begynne å klarne opp, og vi har veldig fine dagar i møte.

Det seier Geir Ottar Fagerlid, vakthavande ved Meteorologisk institutt.

Han melder at vi kan forvente ein god sommar dei komande dagane rundt om i heile fylket, men ikkje som bra som det var førre veke.

Historisk fint

– Førre veke var det eksepsjonelt fint. Det har sjeldan vore så fint vêr historisk, så det skal litt til å nå opp til den veka, fortel Fagerlid.

Men dei komande dagane er det ikkje så langt ifrå. Ifølge Fagerlid kan ein vente seg frå 25 til 28 grader fleire dagar rundt om i fylket.

– Den høgaste temperaturen vil nok vere i midtre og indre strøk, seier han.

– Er det vanleg at det er så varmt over så lang tid, i dette området, også i to periodar?

– Det har eg ikkje statistikk på, men eg trur nok ikkje at det er så vanleg, seier Fagerlid.

Beskjeden temperatur i vatnet

Mange vil nok bruke finvêrsdagane på bading og soling, men ifølge meteorologen er det framleis litt beskjedne temperaturar i vatnet.

– Det har vore mykje snøsmelting, og det er mykje brevatn i elvane som renn ut i vatn og fjordar, seier Fagerlid.

Om du framleis vil prøve deg på eit dykk anbefaler Fagerlid å gjere det i vatnet som ligg i indre strøk av distriktet.

– Det er der ein bør satse på å vere for å få dei beste badeopplevingane. Der er det ganske høge temperaturar, seier han.

Ser ein ende på finvêret

– Allereie søndag passerer det ein kaldfront, og det blir betydeleg kaldare, fortel Fagerlid.

Han fortel at vi kan forvente at kaldfronten heng igjen i neste veke.

– Det blir litt regn og kjølig temperatur. Det kan vi forvente fram til 10. juli, så får vi sjå korleis det blir, seier Fagerlid.

– Det er vanskeleg at det fine vêret fortset i lang tid, så vi må berre nyte dei dagane vi får no, legg Fagerlid til.

Kommentarer til denne saken