No kan folk fødd mellom 1937 og 1955 registrere om dei ønsker vaksine
– Kommunen treng best mogleg oversikt over kven av innbyggjarane våre som ynskjer koronavaksine og ikkje. Det vert difor sendt ut melding via sms og e-mail til innbyggjarar i denne aldersgruppa torsdag 14. januar.
Det melder kommuneoverlege Øystein Furnes i ei pressemelding onsdag føremiddag.
– Enkel prosess
Folk fødd mellom 1937 og 1955 då ein sms med ei lenkte til ei side på kommunen sine heimesider. Der får dei vidare instruksar om kva dei skal gjere.
– Prosessen er enkel, men krev bruk av BankID, opplyser Furnes vidare i pressemeldinga.
Men om ein ikkje har BankID, fins det ein veg utanom. Då kan ein registrere seg ved å ringe 577 22 000. Furnes presiserer at dette er ein telefon som gjeld utelukkande for registrering, og ikkje for informasjon.
– Om ein svarar JA, vil ein motta ei innkalling digital til å bestille time for vaksinering når det er deira tur i køen. Dei som svarar NEI og seinare ombestemmer seg, vil sjølvsagt likevel kunne få vaksine, opplyser kommuneoverlegen.
Frist 20. januar
Frist for registrering er 20. januar.
Personar i risikogrupper som er fødd i 1956 og seinare, skal ikkje registrere seg på denne måten. Desse vil bli kontakta direkte når det er deira tur i køen.
Den nasjonale prioriteringsrekkefølja for vaksinering ligg her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Kommentarer til denne saken