Gå til sidens hovedinnhold

No kan du teste Firda gratis i heile januar

Med eitt klikk kan du no få tilgang til alt plussinnhald på Firda i januar måned.

– Vi håper så mange som mogleg vil nytte seg av denne sjansen. Dei som ikkje les Firda så ofte kan no få eit innblikk i kva vi leverer kvar dag, heilt kostnadsfritt, seier redaktør Kai Aage Pedersen.

Lesarane som teiknar seg for gratis tilgang, vil bli bedne om å logge inn med aID. Viss ein ikkje har ein brukar frå før, må ein opprette ein aID.

Du treng ikkje oppgje betalingsinformasjon, og det vil ikkje bli trekt pengar når tilgangen går ut i februar.

Eksklusivt for abonnentar

Frå 28. desember og fram til torsdag 6. januar har alle plussartiklar i Firda vore tilgjengelege for alle. Dette skjedde som ein konsekvens av at Firda sin tenesteleverandør Amedia vart ramma av eit dataangrep.

– Då systema våre vart ramma, vart tilgangen til plussartiklar opna for å sikre at alle abonnentar får tilgang til journalistikken dei har betalt for. No veit vi at vi er i stand til å gje abonnentane som har betalt trygg tilgang til journalistikken. Samtidig gjev vi altså andre sjansen til å lese oss gratis ut januar, seier Pedersen.

Abonnementssystem nede

Fleire system er framleis ramma av dataangrepet mot Amedia, som er eigar og tenesteleverandør for lokalaviser over heile landet.

Dette har nokre konsekvensar for eksisterende abonnenter. M.a. er det for tida ikkje mogleg å seie opp abonnementet.

– Vi har framleis ikkje tilgang til abonnementssystemet vårt. Dette betyr m.a. at det ikkje er mogleg å seie opp abonnementet på noverande tidspunkt, og det er heller ikkje mogleg å bli abonnent på vårt felles abonnementsprodukt +Alt. Dette jobbar vi framleis med å finne løysingar på så snart som mogleg. Vi ønsker at det skal være så enkelt som mogleg både å kjøpe og å seie opp abonnementet sitt på våre aviser, seier konstituert forbrukarmarknadsdirektør i Amedia, Carl Gustaf Eriksson.

Kommentarer til denne saken