Gå til sidens hovedinnhold

No kan du reise i heile Norden utan karantene – bortsett frå Sverige

Artikkelen er over 1 år gammel

NETTAVISEN: Norske myndigheiter opnar for fritidsreiser til stort sett heile Norden, mens i Sverige blir det berre opna for fritidsreiser til og frå øya Gotland.

– Eg forstår at mange vil oppleve det som ein skuffelse, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

– Vi opnar Norge saman. Vi gjer det kontrollert og over tid, sa statsministeren og minna om at det framleis gjeld å vere forsiktig og unngå ei oppblomstring av koronasmitte.

Sverige er eit av landa som er hardast råka av koronapandemien og eit av landa med den høgste dødsraten i verda. Dei siste tala frå Sverige viser 49.684 smittetilfelle og 4854 døde. I Norge er det meldt inn 8606 smittetilfelle og 242 døde så langt i utbrotet.

– Vi opnar for fritidsreiser til nordiske land og til regionar med akseptabelt smittepress, understreka statsministeren.

– I praksis opnar vi nå for at nordmenn kan reise til heile Norden utan å hamne i karantene, sa Solberg, men understreka at smittesituasjonen i Sverige er slik at ein ikkje kan opne opp på same måte der. Der er det berre øya Gotland, kor ein har hatt svært få smittetilfelle, ein opnar opp grensene for.

Både statsminister Erna Solberg og helseminster Bent Høie vil vere til stades. Dei skal også orientere om opning av fleire verksemder og aktivitetar som har vore stengde grunna koronakrisa.

Regjeringa lettar på fleire koronatiltak frå 15. juni. Treningssenter, badeland og symjehallar blir opna. Desse kan ha opne garderobar. Det same kan idrettshallar, skriv regjeringa på nettsida si.

Det blir også tillate med arrangement på inntil 200 personar.

Det blir gjort vidare unntak frå kravet om minst éin meters avstand mellom profesjonelle utøvarar innan kultur og idrett ved gjennomføring av arrangement. Dette omfattar også spelarar og støtteapparat under seriekampar i toppfotball.

Det blir også unntak frå éinmetersregelen for personar under 20 år som deltek på sommarskule, sommarleir og andre skuleliknande tilbod.

– Vi må gjere alt vi kan for å unngå auka smittespreiing utover sommaren. Vi får større fridom, men dette er fridom under ansvar. Vi vil følge godt med på kva summen av lettelsane gjer med smitterisikoen, seier Solberg.

Basert på tillit

På spørsmål frå pressa på korleis ein skal kontrollere at folk ikkje har vore andre stader i Sverige enn på Gotland, svarar statsministeren:

– Vi kan aldri kunne sjekke alle. Dette er tillitsbasert. Men eg stoler på nordmenn no ser at med den innsatsen og dei oppmodingane mange har gjort, så skal ein solidarisk slutte opp om desse avgrensingane.

Det vil likevel vere mogleg å vere i transitt gjennom Sverige, også på veg til og frå Danmark.

– Men det føreset at ein ikkje stoppar og overnattar på vegen, seier Solberg.

Danske styresmakter har vedteke eigne nasjonale reglar for København-området som nordmenn som reiser til landet, må følgje.

Kommentarer til denne saken