No kan Firda tilby våre +Alt-abonnentar mange tusen eksklusive podkastepisodar, heilt frie for reklame og utan ekstra kostnadar.
Gjennom +Alt-abonnementet i Firda får du tilgang til over 80 norske aviser. Frå og med 12. desember blir podkast-appen Untold også ein del av tilbodet.
Kjøpte opp podkastprodusent
Firda er ein del av Amedia-familien som i haust kjøpte ein del på 49 prosent i Moderne Media, Norges største frittståande podkastprodusent. Samtidig vart Amedia medeigar av podkast-appen Untold.
I Untold får +Alt-abonnentane tilgang til heile Moderne Media sin eksklusive podkastportefølje som består av både eigenproduserte podkastar og podkastar frå ei rekke andre produsentar. I tillegg vil podkastar produsert av Amedia-aviser bli tilgjengeliggjort i appen.
Same aID-brukar som i avisa
Blant Moderne Medias mest kjente podkastar er Henrettelsespodden, Truecrimepodden, Historiepodden og miniserien Gulltransporten. Untold tilbyr også reklamefri lytting til ei rekke andre podkastar som Wolfgang Wee Uncut.
Du kan laste ned appen i App Store eller Google Play, og logge deg inn med samme aID-brukar som i avisa. +Alt-abonnentar kan lytte heilt reklamefritt, og prisen held seg uendra.