No kan du lese om opphavet til stadnamn i Sogn og Fjordane

Av

Mange stadnamn kan stå fram som uforståelege. Gjennom prosjektet «Nettartiklar om opphavet til stadnamn» blir no opphavet til 50 stadnamn i gamle Sogn og Fjordane gjort tilgjengeleg for alle.

DEL

– Det er så viktig å få fram denne dokumentasjonen på ein tydeleg og god måte, det er kunnskap som forsvinn om det ikkje blir skrive ned og teke vare på. Vi merkar at stadnamn interesserer folk flest, og eg trur det er veldig viktig for å forstå fortida vår. Om ein til dømes overtek ein eigedom, er det kjekt å vite forhistoria, og kva namnet betyr, seier seksjonssjef for arkiv i Vestland, Arnt Ola Fidjestøl, i ei sak på nettsidene til Vestland fylkeskommune.

Det var fylkesarkivet i Sogn og Fjordane – no Vestland – som tok initiativ til prosjektet i 2019 og fekk 90.000 kroner i stønad frå Kulturrådet. Prosjektet er ferdigstilt no i år. Alle artiklane om dei 50 stadnamna i tidlegare Sogn og Fjordane er samla i Kulturhistorisk leksikon.

Artikkeltags