Gå til sidens hovedinnhold

No kan du høyre stemma til Emma (8) på NRK Super

Artikkelen er over 1 år gammel

Emma Tyssedal Offman frå Sunnfjord har forteljarstemma i serien «Lappeteppet».

Dei første 13 episodane av animasjonsserien «Lappeteppet» ligg ute på nettspelaren til NRK Super. Serien er opphavleg på tysk, men har no fått nynorsk språkdrakt. Det er Emma Tyssedal Offman frå Sunnfjord som har forteljarstemma.

Kjekt å jobbe på NRK

– Det er veldig kjekt å få jobbe på NRK, og kjekt å få lov til å lage noko som skal på TV, seier Emma i ei pressemelding.

Emma har vore på NRK-kontoret i Førde fleire gongar i vinter for å spele inn stemma. Det er Wilhelm Støylen som har vore instruktør.

Så langt er dei ferdige med halve sesong 2, og dei neste 13 episodane vil kome i løpet av året. Emma er spent på korleis det er å høyre si eiga stemme.

– Det blir rart, men også spennande å høyre meg sjølv på TV, seier ho.

Språklege utfordringar

Støylen seier det har vore kjekt å jobbe med Emma. Dubbinga har og bydd på språklege utfordringar for både store og små.

– Dei lange setningane som både skal vere levande og leikne og samstundes passe inn med musikken kan vere utfordrande. Ofte har vi litt mindre tid enn vi trur for å få sagt alt vi vil. Då må vi gjerne skrive om på direkten for å få det til å passe, seier Støylen.

Maria Sægrov frå Vassenden hadde forteljarstemma i førre sesong, og Ane Fitje Woxen frå Sandane har sunge kjenningsmelodien sesong 1, som òg er med i sesong 2.

Les også

Asta (11) ønska seg eit loddent kjæledyr. No har ho over 30

Les også

Ingen valfridom for foreldra når skulane opnar igjen

Les også

Neppe noko tog gjennom Førde i år: – Det blir ein annleis 17. mai

Les også

– Målet er at alle elevane skal vere tilbake på skulen før sommaren

Kommentarer til denne saken