No kan du gå ut av bilen på ferja – og du kan handle brus og sjokolade

OPNAR OPP: Fjord1 lettar på restriksjonane, og opnar opp igjen nokre av tilboda om bord i ferjene. På Anda - Lote vil ein no kunne handle frå sjølvbeteningskioskar.

OPNAR OPP: Fjord1 lettar på restriksjonane, og opnar opp igjen nokre av tilboda om bord i ferjene. På Anda - Lote vil ein no kunne handle frå sjølvbeteningskioskar. Foto:

Fjord1 lempar på tiltaka. Rådet om å sitte i bilen heile ferjeturen vert oppheva.

DEL

Rådet frå Fjord1 om å sitte i bilen under heile ferjeturen er no oppheva. Passasjerar kan bruke salongane som vanleg, under føresetnad av at dei nasjonale føringane for avstand frå andre blir haldne.

Dette skjer på Fjord1 sine ferjer frå fredag 24. april på alle ferjer.

På nokre samband, som Anda-Lote, vil det også bli mogleg å handle på dei sjølvbetente kioskane om bord.

– Vi følger situasjonen tett. Det ligg oppdaterte smittevernvurderingar til grunn for at selskapet no lettar på nokre av tiltaka, seier driftsdirektør i Fjord1, André Høyset i ei pressemelding.

Han ber reisande om å følge dei nasjonale retningslinjene for avstand til andre, og legg til at dei vurderer å opne opp igjen dei sjølvbetente kioskane på fleire samband også.

– Vidare vil vi finne løysingar som gjer at ein etter kvart kan opne opp dei fleste kioskane om bor i fartøya også, i vurderingar som blir gjort i takt med andre lettingar knytt til tiltak i samfunnet generelt, seier Høyset.


Artikkeltags