Johan Bengtsson oppdaga i ettermiddag spesielle isformasjonar i elva Anga i Førde. Eit fenomen som han har oppdaga også tidlegare år.

– Eg veit ikkje 100 prosent kva det skuldast at isrosene dukkar opp. Men desse formasjonane dukkar opp når kulden set inn, og har nok noko med kulde og rørsle i vatnet akkurat her å gjere, seier Bengtsson som har sett dette naturfenomenet gjennom fleire år.

 I ei bakevje

– Vi bur ikkje så langt unna Fossabru, og eg brukar gjerne ta ein tur bortom elva for å sjå når det blir kaldare. Og i dag var det tydeleg at det hadde laga seg mange runde isroser i bakevja i elva. Og dei største av dei kan vere opp mot ein halv meter breie, seier Bengtsson om det han kallar isroser.

– Når eg har studert desse isrosene tydlegare, så ser ein også at dei er spiralforma, og dei blir spissare og spissare jo lenger ned i vatnet dei ligg. Og for meg så kan det sjå ut som roser eller tallerkenar, seier Bengtsson.