Gå til sidens hovedinnhold

No har 48.000 barn og unge i Vestland fortalt korleis dei har det

For første gong har nesten alle 5. – 7.-klassingar, ungdomsskuleelevar og elevar i vidaregåande skule gjennomført Ungdata-undersøkinga på same tid.

– Vi har her fått eit stort og viktig kunnskapsgrunnlag for kartlegging og planlegging i både kommunane og på fylkesnivå – og gode moglegheiter for å sjå geografiske skilnadar, seier Paal Fosdal, fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering i Vestland, i ei pressemelding.

Ungdata er ei undersøking om korleis ungdom har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga vart gjennomført våren 2021 av velferdsforskingsinstituttet NOVA og KoRus Vest-Bergen, som er eitt av sju regionale kompetansesenter innan rusfeltet.

– Det har vore spennande å vere med i prosessen med undersøkinga. Det som no er viktig for oss er korleis denne kunnskapen blir brukt til å vurdere kvar ein bør setje inn innsats i fylket. Målet må vere at barn og unge får det endå betre ved at vi brukar denne kunnskapen rett, seier Mia Holdhus, leier Vestland ungdomsutval.

Nøkkeltal frå undersøkinga syner at dei fleste ungdommar i Vestland har det bra.

Dei fleste har venner og nokon å vere saman med på fritida, og dei er godt nøgde med foreldre, lokalmiljø og skulen – også under korona.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken