No forsvinn sola, men fredag er ho tilbake

MORGON: Slik såg det ut i Førde måndag morgon frå Vieåsen.

MORGON: Slik såg det ut i Førde måndag morgon frå Vieåsen. Foto:

Mange starta dagen med sol og blå himmel, men det skal ikkje vare.

DEL

– Sjølv om vi har sol no, vil det skye til utover ettermiddagen, opplyser meteorolog Gunnar Livik hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er venta at det blir vindauke på kysten og i fjellet måndag ettermiddag og kveld. Måndag kveld kan det bli nebør i ytre strok, og regnet kjem som snø i høgder over 700 meter.

Det blir vind frå sørvest og stiv kuling i fjellet utover dagen.

Fram til torsdag vil det vere byevêr og snøgrensa vil variere mellom 200 og 600 meter dei neste dagane. Fram til torsdag blir det altså varierande skydekke med byevêr, men det kan komme ein solgløtt innimellom.

Frå fredag og utover neste helg er det venta meir sol og kaldare vêr, opplyser Livik.

Artikkeltags