No fell feriedommen – tre av fem har allereie endra planane sine

FERIEMÅL: I år kan nordmenn nyte eige land i ferien.

FERIEMÅL: I år kan nordmenn nyte eige land i ferien. Foto:

Av

Koronakrisa endrar ferieplanane til nordmenn. Dei fleste planlegg noregsferie i sommar, medan 5 prosent framleis har tenkt seg utanlands, ifølgje undersøking.

DEL

Fredag legg regjeringa fram retningslinjene sine for reiser i sommar. Retningslinjene legg føringar for korleis sommarferien i år vil sjå ut for dei fleste nordmenn.

Hittil har «noregsferie» vore eit viktig stikkord når både statsminister Erna Solberg (H) og justisminister Monica Mæland (H) har snakka om kva slags ferie folk kan planleggje for.

Mange har teke regjeringa på ordet. Ifølgje ei ny undersøking som Respons Analyse har utført for Sparebank 1, har berre 5 prosent tenkt seg utanlands i sommarferien i år. Samtidig svarer tre av fire at dei ikkje skal feriere i utlandet i sommar, og 16 prosent svarer at dei ikkje veit.

Vidare svarer heile 64 prosent av dei spurde at reiseplanane deira i ferien er endra på grunn av koronakrisa.

Strenge reiserestriksjonar i to månader

At koronakrisa har ført til endringar i ferieplanane, er ikkje så rart. Reiserestriksjonar og karantenekrav over heile verda for å hindre virusspreiing har sett ein effektiv stoppar for reising dei siste månadene.

14. mars rådde Utanriksdepartementet mot ikkje-nødvendige reiser til alle land, og dei bad nordmenn på reise komme heim. To månader seinare gjeld framleis dette reiserådet. I tillegg blir alle som hadde vore i utlandet, pålagt å vere i heimekarantene i ti dagar etter heimkomst.

Onsdag opna EU for at det i «neste fase» vil bli ei gradvis opning mellom land der smittesituasjonen er lik. Samtidig har ikkje EU-kommisjonen foreslått nokon konkrete datoar for når dei enkelte landa kan opne opp.

Fryktar slitasje på populære reisemål

Virussituasjonen, uvisse rundt utanlandsferiar og tilrådinga til regjeringa om å starte planlegginga av noregsferie har ført til at mange nordmenn vil feriere i gamlelandet. Ifølgje tal frå Finn.no har interessa for å leige feriehus, hytter og bubilar eksplodert.

Organisasjonen Norsk Friluftsliv er bekymra for slitasje og forsøpling på populære turistperler når nordmenn i sommar tek eige heimland i bruk. Mange vil reise til bildeskjønne stadar, som Lofoten og Besseggen.

Samtidig kan noregsturismen vere eit viktig bidrag til ei reiselivsnæring i koronakrise. Både Virke Reiseliv og NHO Reiseliv er opptekne av at retningslinjene som regjeringa legg fram fredag, er krystallklare både for næringa og for dei reisande.

Ønskjer ikkje importere smitte

Både politikarar og helsestyresmakter har fleire gonger sagt at det er smittesituasjonen i Noreg og i andre land som vil avgjere når ein kan opne opp for reiser utanlands.

Folkehelseinstituttet tilrår i den siste risikovurderinga si at den obligatoriske innreisekarantenen bør vurderast gjensidig oppheva med andre land med god kontroll på epidemien. Dei tilrår òg at Noreg samarbeider med nordiske land og EU-land om fjerning av reiserestriksjonane.

Statsminister Erna Solberg har vore tydeleg på at ho ikkje ønskjer å importere smitte til Noreg når situasjonen her til lands er under kontroll. Men det har komme få signal om når ein kan vente ei oppmjuking av reiserestriksjonane.

– I utgangspunktet må ein belage seg på at det blir noregsferie, i alle fall i første del av denne ferien, sa Solberg til NTB onsdag.

Artikkeltags